Velkommen til Elsebøen!
Vi presenterar no eit nytt og attraktivt bustadfelt for sal!
Elsebøen ligg sentralt til på Bergsøya. Feltet ligg fint til i eit etablert og barnevenleg område, med nærleik til både skule, barnehage, turstiar og sentrumsfunksjonar.
Bustadane som vert tilbydde i feltet får storleikar frå om lag 80 til 120 m², og er planlagde med moderne løysingar, gode planløysingar og høg byggjekvalitet. Her er det lagt til rette for både familiar, par og einslege som ønskjer ein ny og lettstelt bustad i trygge omgjevnader. Fyrste byggesteget har 26 bustadar.
Området rundt Bergslia er ettertrakta, og det har vore stor interesse på bustadane før lansering. Fleire står allereie på interesseliste for både tomannsbustadar og leilegheit i firemannsbustad.
Bygg H1, H4 og H6 vert lagt ut for sal i fyrste omgong. Sjå situasjonskart under bilete for plassering.
Prosjektfremdrift
- Planlegging
- Salgsstart
- Byggestart
- Innflytting